Langbord i Flatebotnane

26.juni 2015

Langbord, benker, bålgruve og flaggstong i Flatebotnane.

Nevenyttige pensjonistar med Bjarne Huse i spissen gav Fitjadalens vener ansvar for eigarskap og vedlikehald.

Me takkar for gåva, og håper mange tar seg tid til ein pause der.

Langbord til kvardag og fest

Langbord til kvardag og fest

 

+30 sitjeplasser

+30 sitjeplasser

 

Vinterstemning

Stoda i vegprosjektet

Oppgraderinga av vegen rundt Fitjadalsvatnet nærmar seg ferdig. Her er eit bilete av korleis det såg ut i dag.

ny-veg

Det nye dekket består av oppmalte asfaltmassar, og ser ut som ein mellomting av grus og vanleg asfalt. Etter kvar vil dette bli ganske tettpakka, men skal grunna mjukheita vere meir motstandsdyktig mot telehiv enn vanleg asfalt. Vegen vil bli lettare å vedlikehalde, og det vil vere mindre slitasje grunna nye dreneringsrøyr og bedre grøfter.

Dette er eit svært positivt tiltak, og me vonar den nye vegen blir flott!

Kommunen tek tak, vegoppussing mellom Myraleitet og Fetet

Vegen rundt vatnet skal no oppgraderast.

Arbeidet skal etter planen foregå frå mandag 20. oktober til og med fredag 7. november, og vegen vil vere stengt på strekninga «Myraleitet – Fetet» i periodar på inntil 3 timar mandag-torsdag frå kl. 07.00 til 15.00. Utrykkingskøyretøy kan passere om naudsynt.

Spørsmål kan rettast til: Bjørn Øyri i GBS Entreprenør AS på telefon 913 04 270. Det vil også bli lagt ut lysing i Hordaland Folkeblad.

Rassikring i Fitjadalsvegen

Fitjadalen.com var i helga til stades for å sjå på framgangen i den rasutsette delen av Fitjadalsvegen. Vegen var stengd førre veke, og skal etter planen også vere stengd kommande veke før den blir opna att. Frå kommunen sine nettsider:

På grunn av rassikring vert Fitjadalsvegen stengt i fylgjande periodar:

  • Onsdag 8.oktober kl. 07:00 – fredag 10.oktober kl. 17:00
  • Måndag 13.oktober kl. 07:00 – fredag 17.oktober kl. 17:00

Kjelde: http://www.kvam.kommune.no/portal/biblskule2.asp?meny=nyhende&kvamid=6052

1 2 3 4 5 6

Invitasjon: Trakk og snakk i Fitjadalen

Ordførar Asbjørn Tolo og rådmann Arild M. Steine kjem til Fitjadalen i høve «trakk og snakk», måndag 8. september kl. 17. Dei som kan vert oppmoda om å delta i heile eller deler av turen. Turleiar er Even Øyri, og Øystese grendalag og Vik/ Mo grendalag er arrangørar.

I trakk og snakk inviterer kommunen til enkle fotturar i Kvam. Heradet ønskjer å leggja til rette for ein aktiv kvardag for innbyggjarane, og vil gjera dei aktive vala til dei enkle vala. På turen vil ein få moglegheit til å ta opp sakar ein er oppteken av.

Vel møtt!

Oppdatering frå Kvanvik

Etter at bekken i Kvanvik vart til elv og rann over tidlegare i sommar har ei gravemaskin vore på plass og rydda, samt for å førebyggje at noko lignande skal skje igjen. Me vonar at bakkane også snart blir grøne att. Sjå vedlagt bileteserie for oppdateringa.

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Bekken i Kvanvik vart til elv

Etter fleire veker med godvêr i Fitjadalen kom det på lørdag ettermiddag store nedbørsmengder på kort tid som førte til at elva fann nytt leide i Kvanvik. Fitjadalen.com har vore på plass, sjå bileteserien under.

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

Fitjadalensvegen opna att

Steinane i vegen er fjerna, og det er sett opp varselskilt om rasfare.

Steinane i vegen er fjerna, og det er sett opp varselskilt om rasfare.

Fitjadalensvegen var stengd for ein kort periode grunna steinsprang, men er no opna att.

Fitjadalsvegen vart stengd fredag den 11. april, men vart opna att allereie lørdag den 12. april, ifølgje Kvam herad. Årsaken var eit steinsprang som gjorde at vegen måtte stengast omlag 300 meter forbi det siste bustadhuset på veg opp Fitjadalsvegen frå Øystese. Kvam herad venta med å opna vegen grunna sprekker i fjellet der steinen losna, men forholda vart vurdert til å vere trygge av ein geolog slik at vegen raskt kunne opnast.